Tryggheim vgs søker kokk (100 %)

Tryggheim vgs søker etter kokk som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø på kjøkkenet og skape rammer for gode måltidsfellesskap for elevane. Inntil 100 % fast stilling frå 1. november.

Tryggheim vgs

Tryggheim er ein kristen friskule kor både elevar og tilsette skal oppleve tryggleik, utvikling og arbeidsglede. Skulen sitt verdigrunnlag ligg til grunn for alt arbeid, og pregar kvardagen vår. Vi ser etter deg som vil kombinere fagleg dyktigheit på kjøkkenet med eit varmt engasjement for ungdom og trivsel. På Tryggheim vgs er det ca. 575 elevar, - av desse bur 250 på skulen sine internat.

 

Typiske arbeidsoppgåver:

Kokken arbeider i eit hektisk og triveleg miljø saman med kjøkkenleiar og kjøkkenassistentar. Kokken er med i skiftordning med koking kvar tredje helg.

· Ansvar for planlegging og produksjon av middagsmåltid

· Delta i planlegging, produksjon og servering av måltid

· Ivareta kvalitet, hygiene og matsikkerheit i tråd med gjeldande regelverk

· Bidra til effektiv organisering av kjøkkenet

· Vere med og følge opp kjøkkenpersonalet og elevar som har kjøkkenteneste

 

Vi søkjer etter ein person til ei full stilling, gjerne med fagbrev som kokk. I tillegg til relevant utdanning og praksis vil det ved tilsetting også bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

Den som blir tilsett må kunne legge fram politiattest, jfr. Privatskolelova § 4-3.

Lønn etter skulen sitt regulativ. Pensjonsordning og forsikringsordningar.

 

Skulen ønskjer i å komme i kontakt med aktuelle søkjarar så snart som mogleg.

Spørsmål kan rettast til kjøkkenleiar Anne Hovland på telefon 51 79 80 19 eller 452 95 014.

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Vitnemål og attestar kan takast med ved eventuelt intervju.

 

Søknadsfrist: 10. september 2026.

Personvernerklæring Vi bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Ok», samtykker du i bruken av slike teknologier. Mer info