Me søkjer etter deg som er strukturert, har god evne til omstilling og læring, har godt humør, er glad i menneske og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna bestå av:
· Betjening av skulen sin resepsjon
· Administrering av Visma Flyt Skole og Sikker sak
· Administrative oppgåver i Compello og Cert
· Vitnemålsutskrift
· Ansvar for skulen sitt arkiv (Visma Samhandling Arkiv)
· Skuleskyss
· ++
Me kan tilby eit spanande kollegafellesskap med positive medspelarar både blant elevar og personale. Løn og arbeidsvilkår etter skulen sitt lønsregulativ for servicepersonale.
Den som blir tilsett må kunne fremja det kristne arbeidet og aktivt kunne fremja målsetjinga ved skulen. Søkjarane må derfor dele det kristne livssynet. Misjonssambandet sitt verdigrunnlag ligg til grunn for stillinga. Den som blir tilsett må leggja fram politiattest, jf. Privatskulelova § 4-3.
Stillinga er 80 - 90% fordelt på 5 dagar.
Utdanning, referansar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
For meir informasjon eller spørsmål om stillinga, kontakt · Tron-Arild Grødem, leiar (tgrodem@tryggheim.no) 988 52 709/ 51 79 80 72 Søknad og CV kan sendes elektronisk til ungdomsskulen@tryggheim.no.
Søknadsfrist er 4. september 2026.
Søknad og CV kan ein senda til:
Tryggheim ungdomsskule
v/Tron-Arild Grødem
Tryggheimvegen 13
4365 Nærbø